Unge er mest positive til sjølvkøyrande bilar

Korleis tenkjer du det ville vore å sitje på til skulen i ein sjølvkøyrande bil? Tre av fire er skeptiske til å sitje på med bilar som styrer sjølv, viser ei ny undersøking.

Bilprodusentar jobbar for å lage bilar som ikkje treng sjåfør.

I spørjeundersøkinga YouGov har gjort for Kongelig Norsk Automobilklub svarar 24 prosent at dei kunne tenker seg på sitje på med ein sjølvkøyrande bil. 42 prosent er usikre, og 34 prosent er ikkje klar for teknologien, skriv Newswire.

Tryggleik

– Om du sit på med eit menneske, er føraren ein person du ser, kjenner og stolar på. Difor er du roleg. Så kjem ein bil der sjåføren ikkje skal vera med på turen. Då blir folk usikre på om det er trygt, seier Dagfinn Moe til nyhendebyrået. Dagfinn er seniorforskar ved Sintef Teknologi og samfunn, og jobbar med å finne ut kvifor me oppfører oss slik me gjer.

For å bli kvitt den skumle kjensla, må folk oppleve at teknologien gjer gode valg, meiner han.

Dei unge er mest positive

I undersøkjinga var ungdom meir positive enn eldre. Berre 18 prosent av dei over 60 svara at dei vil sitje på, medan 33 prosent av dei under 30 svara det same.

– Dei yngste tek i bruk ny teknologi oftare. Dei er ikkje så skeptiske til forandring som dei eldre, seier Moe.