Kva straff brukar lærarar?

200 lærarar har svart på ei undersøking frå Framtida junior om kva sanksjonar dei har gitt elevane det siste skuleåret.

Ordforklaring: Sanksjon er ein negativ eller positiv reaksjon på eit problem som oppstår.

Belønning og inndraging er mest vanleg

Som du ser på søylediagrammet er det tre sanskjonar som er mest vanlege.

  • Inndraging av gjenstand
  • Melding med heim
  • Belønning for heile klassa

Dei minst brukte sanksjonane er:

  • Bortvisning
  • Gjensitting
  • Ta vekk fellesgoder
  • (Annan straff er også blant dei lågaste.)

Den mest alvorlege straffa i skulen

Berre 2 av 200 lærarar seier dei har bortvist ein elev i løpet av det siste skuleåret. Det er den mest alvorlege reaksjonen lærarar har lov til å bruka. Viss ein elev skal bortvisast frå undervisinga meir enn to timar, så må rektor ha bestemt dette.

Det er ikkje lov å stenga ute elevar frå klasseturar som straff for brot på ordensreglane før ein drar på tur.