Straff i klasserommet

For over 80 år sidan kunne lærarane straffe elevar med å slå dei med spanskrøyr. Kva «straff» får dagens elevar?

Eg har ei bok eg skriv ned namnet på dei som har gløymt. Dei får beskjed om å vise leksa dagen etter. Gjer dei det, stryk eg over namnet, seier Sølvi som er lærar.

Det er aldri kjekt å gløyme leksa fortel Angelica.

– Det at Sølvi passar på at vi gjer leksa er fint. Læraren skal sørge for at vi kan det vi skal lære, så det er fint at ho passar på oss, seier Angelica.

Maria fortel at ho ikkje blir lei seg dersom ho får namnet sitt i boka. Det er heller ikkje flaut om det skulle skje.

Då tenker eg berre at eg må skjerpe meg, slik at eg ikkje gjer det igjen.

Kort avstand mellom skule og heim

Om det skulle skje at elevar gløymer mykje tek Sølvi kontakt med foreldra.

Elevane veit at det er kort avstand mellom skule og heim. Foreldra får beskjed at dei må følgje opp dersom det blir eit problem.

Sølvi har også kontaktmøte med elevane og foreldra. Då seier ho ifrå viss det er problem.

Har det vore store problem har eg allereie gitt beskjed til eleven og foreldra. I tillegg er rektor involvert dersom det har vore nødvendig.

Belønning

Sølvi har nokre gonger valt å ta frå elevane goder, dersom det har oppstått ting som gjer at det er vanskeleg å gjennomføre planlagte ting. Det synest både Angelica og Maria kan vere urettferdig.

– Sjølv om det kan opplevast urettferdig at éin elev kan vere ansvarleg for at vi misser noko vi har sett fram til, så kan det vere med på å skjerpe oss. Då må vi hjelpe kvarandre til å bli betre, seier Maria.

– Noko som fungerer bra er belønning til heile klassa. Då kan dei få tid til brettspel, teikne eller kanskje ein utetime, seier Sølvi.

– Å bli belønna for noko vi har jobba mot er alltid fint. Det blir vi motivert av, seier Maria.

Ut på gangen

Det hender at Sølvi må ta elevar ut på gangen for å snakke med dei, dersom nokon ikkje har oppført seg bra.

Praten på gangen skal vere med på å forklare eleven kva som er gale, men også for å rettleie og vise kva som krevst av eleven.

Det at Sølvi pratar med oss på gangen er bra. På den måten tek Sølvi ansvar og viser oss kva som er riktig, avsluttar Maria.