Eit liv etter døden?

Vi har snakka med Emeli (12) og Emilija (12) om kva dei trur på.

Emeli Moe Nonaj (12)

Kva trur du skjer når vi døyr?

1: Eg veit ikkje kva eg trur. Eg tenkjer ikkje på døden, den er eg ikkje redd for. Det skjer når det skjer. Eg lever livet her og no.

Kva tenker du om døden?

2: Eg tenkjer at «då dør eg». Eg tenkjer at det er mykje mellom himmel og jord som vi ikkje veit, og kva som skjer når ein dør, er ein av desse tinga.

 

Emilija Morkunaite (12)

Kva trur du skjer når vi døyr?

1: Eg trur eg får eit nytt liv. Det har eg tenkt lenge.

Tenkjer du ofte på døden?

2: Nei. Eg vert sjølvsagt trist om nokon dør, og tenkjer på det då. Men eg tenkjer ikkje på at eg skal døy.

Kva tenker du om døden?

3: Eg tenkjer at alle vert fødd på ny etter døden. Eg er ikkje er redd for å døy. I min familie har me ein tradisjon: Når nokon døyr, heng me svarte gardiner føre vindauga og speglar i huset. Det handlar om å beskytte huset mot at sjela heng att i dette livet.