Kva skjer når vi døyr?

Ekspertar meiner det er viktig at barn og vaksne tek seg tid til å undre seg saman om kva døden er, og kva som skjer når vi døyr.

Atle Dyregrov (Foto:krisepsyk.no)

Døden er ein del av livet. Men kva som skjer når vi døyr er det ingen som veit. Kva ein tenkjer om å døy er ofte knytt til religion. Men ikkje for alle. Nokon trur me kjem til himmelen, eller til Paradis, nokon meiner det skjer ingenting, at alt vert svart. Nokon trur me vert fødd på ny som eit dyr, eller menneske i ein ny kropp.

For nokon kan det vera vanskeleg å tenkje på døden, så difor kan det vera fint å snakke om det, og høyre kva andre tenkjer. Både vener og familie.

Me har snakka med krisepsykolog Atle Dyregrov om døden. Han har skrive fleire bøker om nettopp dette.

Kvifor er det viktig at barn og vaksne tek seg tid til å undre rundt kva døden er?

– Det finst nesten ikkje eit klasserom som ikkje er berørt av eit dødsfall i året. Oftast besteforeldre, men også foreldre, vener og vener av familien. Difor er det mange som tenkjer på døden, og har spørsmål om den.

Kva tid startar me å stille spørsmål om kva døden er?

– Når barn er mellom 4 og 6 år forstår dei kva døden er. Nokre erfarer at nokon i familien døyr, andre finn ein død fugl i barnehagen. Då er det naturleg at dei stiller spørsmål om kva som skjer når ein døyr. Barn og unge har dei same spørsmåla som vaksne. Dette vet vi ikkje. Dei vaksne undrar også på dette, og det gjorde dei då dei var barn.

Korleis kan ein snakke med andre om døden på ein god måte?

– Ver open for at andre ikkje trur på det same som deg. Alle må få tru på det dei vil. Dette er ein samtale du kan ha med foreldre og vener, og gjerne besteforeldre også. Tenk rundt dette saman med andre. Still spørsmål. Kva tenkjer du rundt dette? Kva seier vener? Sjekk på internett om det finst noko du kan sjå eller lese saman med foreldra dine som handlar om spørsmål rundt kva døden er, eller les ei bok om temaet saman.

Korleis kan ein gjere det mindre vanskeleg å tenkje på døden?

– Vi kan starte med å snakke om det som skjer med nokon som ikkje står oss så nær. Ha gjerne ein samtale om døden utan at det har skjedd noko spesielt.