Er barnejury feil?

Spellemannprisen har invitert ein barnejury til å finne vinnaren av kategorien barnemusikk. No meiner ein av dei nominerte det er feil.

Martin Hagfors seier til Periskop.no at han synest det blir feil dersom ikkje fagfolk skal finne vinnaren.

– Når det blir ein slags folkets pris, slik det blir når det er barn som sit i juryen, synest eg Spellemann er på villspor.

Han meiner konkurransen blir mindre seriøs.

Martin Hagfors er nominert til prisen for plata Snydelig med Meg og kammeraten min.

Leiaren i Norsk Kritikerlag er positiv til at barna får medverke, men meiner det er rart at barna får det endelege ordet.

Gaffa.no skriv at styreleiaren i Spellemann, Marte Thorsby, meiner det er riktig å la barna avgjere, og samanliknar det med at jazz blir vurdert av dei som er i målgruppa for jazz.