Dyr blir sakte, men sikkert tilpassa eit liv i byane

Dyra må utvikle seg for å klare seg best mogeleg i bylivet. Nokre får lengre nebb, medan andre får smidigare kroppar, skriv Forskning.no.

Det er Forskning.no som omtalar denne saka.

Meir enn halvparten av folka på jorda bur i byar, og byane dekker tre prosent av landjorda. Mange dyr bur i dette miljøet saman med oss, til døme kakerlakkar eller mus.

Fleire enn før

No er det endå fleire dyr som har tilpassa seg livet i byen, i følgje forskarar som skrive ein artikkel i magasinet Science.

I Arizona i USA har fuglearten husfink fått nye matvanar på grunn av menneska. Fuglane som bur i byen får mykje av maten frå automatiske fuglematarar som gir dei solsikkefrø. Denne maten er hardare og større enn den dei et i naturen, så nebbet deira er blitt lengre og kraftigare, samanlikna med fuglar som ikkje bur i byen.  

Klatrar opp husveggen

Ei øgle som lever i Puerto Rico har fått lengre bein og større overflate på tærne. Forskarar meiner det kjem av at øgla har utvikla seg for å få betre gripeevne på menneskeskapte overflatar, som husveggar og stolpar.

Den same utviklinga skjer med dyr, uansett kva by dei bur i. Til dømes vart endringane hos øgla i Puerto Rico funne hos dyra som bur i tre ulike byar, heilt isolert frå kvarandre.

Forskarane mener denne kunnskapen kan til døme brukast til å styre utviklinga til skadedyr som til døme mygg og veggedyr som lever saman med oss.