Tips – stå framføre klassa

Elevrådsleiar, Jonas Mikalsen Gjerde (12 år), ved Stokksund skule, gir gode tips til dei som er redde for å stå framføre klassa.

  1. Ikkje tenk på kva som kan skje.
  2. Sei det du skal, ikkje snakk om andre ting. Då kan ein lett gløyme det viktigaste.
  3. Tenk på alt som kan gå bra!
  4. Start på nytt, dersom du gjer feil. Ingen er perfekt, og alle gjer feil. Til og med læraren gjer det av og til.
  5. Øv deg blant venene dine.
  6. Ha gjerne jukselapp eller manus. Det bruker til og med statsministeren.