– Du kan bli trygg på å halde foredrag

Pulsen slår raskt, hjarta pumpar og kroppen gjer seg klar til å flykte frå klasserommet. Det er tid for foredrag. Her er psykologen sine beste tips til deg som er redd for å snakke føre klassen.

Før foredrag i klassen kan ein bli redd for å dumme seg ut. – Vanlege tanker kan vera “det kjem til å gå dårleg”, “viss eg gjer feil, kjem alle til å le av meg” og “eg kjem til å gløyme alt”, seier psykologen Solfrid Raknes.

Oppdag tankane

Ho fortel at det er mange som slit med dette.

Det viktigaste er å legge merke til kva tankar som kjem. Oppdag tankane dine, om dei er raude eller grønne:

  • Raude tankar skaper sterke følelsar og gjer det vanskeleg for deg å handle lurt. Desse tankane er for eksempel tankar som gjer deg redd, bekymra, stressa.
  • Grøne tankar gjer deg trygg og glad. Dei er hjelpsame når det skjer noko. Ofte må vi jobbe for å finne fram desse tankane.

Solfrid fortel at du må øve på kva tankar du treng når du skal halde foredrag.

Kva kan bli kjekt med å halde foredraget? Tenk på at nokon fekk med seg det du sa sist gong, at læraren sa du var flink, at du har interesserte og gode vener i klassen som støttar deg, og at du blir betre når du trenar på dette.

Din beste ven

For å få fram dei grøne tankane, er et lurt å først legge merke til dei raude tankane, altså dei tankane som lagar stress i hovudet.

Me seier sjeldan så mange vonde ord til vener som me gjer til oss sjølv, seier Solfrid.

Når ein ven har det vanskeleg kjem me med trøst og gode ord.

Me dempar det venen vår er redd for. Om ein ven er redd for foredrag, seier ein gjerne at venen må slappe av, at det er godt nok, at det er greitt å seie noko feil, fortel ho.

Dumt å unngå foredrag

Du kan øve på å vera god ven med deg sjølv.

Bruk måten du har lært å snakke til andre på – og snakk slik til deg sjølv også, seier Solfrid som minnar om at det er dumt å unngå å halde foredrag.

Det å vera redd går ikkje over av seg sjølv. Når du gjer det, tåler at det er fælt, men også opplever å meistre – vert det betre og betre for kvar gong, fortel ho.

Solfrid sine treningsråd for å takle redsel for foredrag:

  • Start med å trene på føredrags-situasjonar du trur du kan klare, men som gjer deg litt redd. Til dømes å halde føredraget for ein av foreldra dine, ein god venn, småsyskjen eller filmkamera på mobilen.
  • Legg merke til endringar i følelsane dine under treningsøkta.
  • Legg merke til kva raude tankar som skremmer deg.
  • Finn ut kva grønne tankar som kan hjelpe deg å bli tryggare og meir modig.
  • Sei dei grønne tankane høgt til deg sjølv når du trener på det du er redd for.
  • Belønn deg sjølv etter kvar treningsøkt.
  • Tren ofte, helst kvar dag.
  • Øv på å snakke med skjelven stemme, sei nokre ord heilt feil og hald lange pausar medan du trenar. Då oppdagar du at det ikkje er farleg å feile.
  • Fortell nokon som er glad i deg om treninga di. Då kan dei støtte deg og heie!