Amalie frå Voss svevar i lufta

Amalie Hegland Lauritzen (18) fekk fly i musikkvideo med Sia og Pink. No håpar ho på kunne delta i OL i kroppsflyging.

– Det var ei veldig spesiell oppleving. Alt skjedde veldig fort, fortel Amalie Hegland Lauritzen til Framtida.no.

Ho er ein av to kvinnelege flygarar i Stargate sin musikkvideo saman med Pink og Sia.

Amalie Hegland Lauritzen frå Voss er einaste i Noreg som driv aktivt med freestyle kroppsflyging. Foto: Instagram

Amalie er aktiv i Voss kroppsfykarlag, og einaste i Noreg som driv aktivt med freestyle innandørs kroppsflyging.

No håpar ho innandørs kroppsflyging blir offisiell OL-grein.

240 km/t

I vindtunnelen blæs vinden i 240 km/t når Amalie dansar gjennom lufta.

Hovudforskjellen på fallskjermhopp og vindtunnel er at i fallskjerm så hoppar ein ut av eit fly, og er i fritt fall i cirka 40 sekund før ein trekk i fallskjermen.

I vindtunnelen så kan ein faktisk fly og fly over ein lengre periode.

VossVind er einaste tunnel i Norge av sin type. Det er ein liten tunnel i Lørenskog, men den er liten, ifølgje vossingen. I løpet av neste år kjem det ein ny tunnel i Oslo.