Dennis Vareide saksøker YouTubar

Falske nyhende var fjorårets nyord, og no saksøker Dennis Vareide ein annan YouTubar som har laga Exposed-videoar av han. Videoar som han meiner har spreidd falske nyhende om han.

Videoane som heng ut Dennis, skuldar han for ting Dennis sjølv meiner er feil.

Saka skal opp i Oslo Tinghus, fredag 5. januar. Denniz saksøker YouTubaren for 130.000 kroner.

På Dennis sin YouTube-kanal uttalar han seg om saka.

– Eg har vorte utsatt for skuldingar av ein annan YouTubar.

– Eg ynsker at Youtube skal vere ein plass der integritet og kjeldekritikk blir verdset høgt.

– Eg saksøker derfor for ærekrenking, ikkje berre for at det som er gjort mot meg er strengt ulovleg, men også for å setje eit tydeleg standpunkt på kva som er greit og ikkje greit å gjere på YouTube.

Ordforklaringar:

  • Integritet betyr eigentleg at noko er uskada. Ein skal passe på at ein ikkje øydelegg andre menneske sin integritet. Altså at ein passar på å ikkje sverte andre.
  • Kjeldekritikk betyr å vere kritisk til kva avsenderen gir av informasjon. Er det riktig det som blir sagt? Kor har ein informasjonen frå, og er kjelda til informasjonen til å stole på?