Prebz og Dennis legg ned YouTube-kanalen

Noregs største YouTube-kanal er historie.

Dennis er aktuell med boka “Kongen av gutterommet”. I boka fortel han at YouTube-kanalen skal avsluttast.

I eit presseskriv frå Aschehoug seier Dennis at han har fått til alt dei nokon gong kunne drøyme om.

–Vi gir oss på topp som veldig gode vener, seier han.

Førre veke vann Dennis rettsaka mot ein annan YouTubar. Les meir her.

Dennis er med i Farmen kjendis. Og Prebz skal snart bli pappa. Dei har med andre ord mykje å gjere framover.