
Sju sortar står for omlag halvparten at alt som vert kasta, skriv Forskning.no. Tre forskarar frå Karlstads Universitet i Sverige har sett på matsvinnet i frukt- og grøntavdelingane i tre store dagligvarebutikkar. Dette er produkta som vert kasta mest av:
- Banan
- Eple
- Tomat
- Salat
- Paprika
- Pære
- Druer
I Noreg kastar vi omlag 350 000 tonn mat kvart år. All denne maten kunne vore spist, ifølgje matsvinn.no.
– Vi kunne metta verdas sultande befolkning fire gongar med den maten som vert kasta i verda i dag. All mat har ein verdi, seier Anne Marie Schrøder som er kommunikasjonsansvarleg for Matvett.
Kva tenkjer du om dette? Send di meining til tips@framtida.no!