14 prosent av oss går framleis julebukk

Det blir sagt at julebukktradisjonen er på veg å forsvinne. Men i ei fersk undersøking oppgir 14 prosent av dei spurde at dei eller barna deira går julebukk.

Kva er julebukk?
  • Julebukk var dels namnet på geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person.
  • «Å gå julebukk», er å kle seg ut og synge, og få godteri som påskjøning. Før i tida ba ein om mat og drikke.
  • Dette er ein tradisjon i dei nordiske landa og i Baltikum.
  • Nokre stader i Noreg går ein i romjula, andre stader nyttårsaftan – og andre stader 13. dag jul.
  • Tradisjonen har truleg opphav frå førkristen tid, men har seinare blitt tilpassa den kristne julefeiringa.
LES FAKTALUKK FAKTA

Halloween er blant tradisjonane som får skulda for at få går julebukk. Det finst til og med ei eiga facebookgruppe, «Ut med knask eller knep, inn med julebukk», som hausten 2017 hadde om lag 124.000 likes, skriv NPK.

– Når nye tradisjonar kjem til, er det alltid nokon som er kritiske. Dei tolkar halloween som ein konkurrent til noko vi har frå før som er på retur. Dei skuldar det nye for å trenge vekk det opphavlege, seier Ane Ohrvik, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og medforfattar av ein rapport knytt til halloween-vanane våre, til Nationen.

FRÅ 1700-TALET: Bukkehovud brukt til å kle seg ut som julebukk.
Foto: Wolfgang Sauber/Wikipedia

Ho trur årsaka til at berre 14 prosent går julebukk er at det skjer mykje anna i jula.

– I det gamle bondesamfunnet var det strengt regulert kva ein kunne gjere mellom jul og nyttår. Julebukken var eit avbrekk i ei elles stille og kontemplativ julefeiring. I dag er ein ikkje i ro i jula på same måte som før, seier ho.

Det er Sentio som har gjennomført undersøkinga for avisa Nationen.