Julebukkar på besøk

Romjulsbukk er ein gamal tradisjon vi har hatt i Noreg i lang tid. 

Då kler ein seg ut og går frå hus til hus, og syng julesongar og tiggar godteri.

Korleis denne tradisjonen starta veit ein ikkje heilt sikkert, men det ein trur er at julebukk har blitt brukt som namnet på ein geitebukk som blei slakta til jul. Eit følgje av personar gjekk frå hus til hus der ein av gjengen var utkledd med bukkehorn.

No er det vanleg at alle kler seg ut, og det er heller ikkje vanleg å kle seg ut med bukkehorn.

Nokre stader i Noreg er det mest vanleg å gå julebukk i romjula. I Bergen er det mest vanleg å gå på nyttårsaftan, medan det andre stader er mest vanleg å gå julebukk 13. dag jul – ofte rekna som den siste dagen i jula.

Kva tid går du julebukk?

Kva tid går du julebukk?

I romjula43
Nyttårsaftan14
13. dag jul9
Går ikkje julebukk19
Svar totalt: 85