Villsvina er tilbake i Noreg

I steinalderen var det mange villsvin i Noreg. Så døydde arten ut, men no er dei tilbake!

Sverige har lenge hatt villsvin i naturen, men Fylkesmannen i Østfold veit ikkje kor mange som held til på den norske sida av grensa.

Steinalderen

– I Østfold, Akershus og Hedmark har vi i seinare år sett ei auke i skog og utmark, seier rådgjevar Ingvild Herberg ved Anno Norsk skogmuseum til Newswire.

I steinalderen var villsvinet ein naturleg del av norsk natur. Bestanden døydde truleg ut for over 1000 år sidan grunna kaldare klima og auka jordbruk og jakt.

Gjer skade

– Nokon ønskjer villsvina vekk frå Noreg fordi arten står på svartelista, seier viltforvaltar Åsmund Fjellbakk hos Fylkesmannen i Østfold.

Svartelista er ei liste over dyr som kan skade naturen.

– Andre meiner at villsvinet høyrer til i vår natur, seier Åsmund.

Dei store svina grev i jorda etter mat og røter.