Fleire sleipe pasientar

Veterinærklinikkar får fleire reptilpasientar etter at forbodet mot å ha skilpadder, øgler og slangar som kjæledyr vart fjerna.

Frå 15. august vart det nemleg lov å ha reptilar som kjæledyr i Noreg.

Sjølv om det ikkje var lov å ha slangar, øgler og skilpadder heime før, var det likevel mange som hadde dyr gøymt vekk.

Sjuke dyr fekk ikkje hjelp

Det vart vanskeleg når dyra blei sjuke, sidan eigaren ikkje kunne gå til dyrlegen for å få hjelp. Difor tok mange kontakt med legen på telefon utan å fortelje kven dei var, skriv Newswire.

– Tidlegare ringte folk oss anonymt for å finne ut kva som feila kjæledyret deira. I dag kjem dei til klinikken med dyret, seier reptilekspert Heidi Cecilie Stenstad ved AniCura Dyreklinikk i Telemark.

Ein av grunnane til at det vart lov med reptilar i Noreg, er at mange skaffa seg dyr utan lov. Framleis er dei fleste typane reptilar forbode. Dyra som no er lov å ha, vert rekna som vanlege hobbydyr i utlandet.