Hanne Krogh starta stjernelivet som 9-åring

Korleis var det å bli ei av Noregs største songstjerner utan verken MGPjr, Idol eller Norske Talenter?

Ti fakta om Hanne Krogh
  • Vann Melodi Grand Prix med «La det swinge» i duoen Bobbysocks (saman med Elisabeth Andreassen). Dei vann både den norske finalen, og Eurovision Song Contest 1985 som vart arrangert i Göteborg.
  • Dette var aller første gong ein norsk artist vann. Dei turnerte i seksten land, solgte fleire millionar plater, og var nummer ein på hitlistene i åtte land.
  • Held cirka hundre konsertar kvart år.
  • “Reisen til julestjernen” ein ein norsk spelefilm frå 1976. Vesle prinsesse Gulltopp forsvinn på sjølvaste julaften. Ho går ut i skogen for å finne julestjerna som ho ønskjer seg av heile sitt hjarte.
  • På konsertar for barn likar ho best å synge La det swinge og Kaptein Sortebill
  • Las avisa då ho var 4 år.
  • Pippi Langstrømpe var heltinna, og President Kennedy frå USA helten i oppveksten.
  • Då ho var 4 år hadde ho lyst til å bli bondekone, og etter kvart var ho også innom tanken på å bli lege og journalist.
  • Hanne vart fødd i Oslo, men vaks opp i Haugesund.
  • Ho har alltid snakka Oslo-dialekt, men seier ho snakkar Haugesund-dialekt i sjela.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det starta i grunn med at eg sto på disken i godtebutikken og song. Eg var fire år, og fekk salte pastillar som takk, fortel Hanne.

Ikkje nervøs

Då ho var ni år song ho på Basso Tivoli i Haugesund.

– Det vart annonsert i avisa at eg skulle synge på tivoliet den sommaren eg var ni år. Eg kjende meg heime på scena, og var ikkje nervøs. Det har eg i grunn aldri vore. Eg må vera roleg. Elles vert det dårleg, fortel ho.

LES OM DÅ HANNE VANN EIN HEILT SPESIELL TIVOLIPREMIE HER.

JULESTJERNA: Hanne Krogh held cirka hundre konsertar kvart år. Ho reiser mellom anna på ein lang juleturné kvart år i desember. Foto: Anne Brit Solland

Platekontrakt

Då ho var 12 år reiste ho på turne med eit lokalt band frå Haugesund, og eit rockeband frå Sverige. Og då ho var 14 år fekk ho platekontrakt av platekongen Arne Bendiksen. Den første singelen hennar gjekk rett inn på lista «Norges 10 på topp».

– Eg synest det var heilt naturlig at alt dette skjedde, eg kjente meg som sentrum i universet. Det gjer ein jo når ein er så ung, fortel ho.

Elska scenen

Som 15-åring sto ho på scena med songen «Lykken er» i den norske Melodi Grand Prix-finalen. Ho vann, og fekk vera Noreg sin artist i den internasjonale finalen i Irland.

Den gongen var MGP annleis enn no.

– Me var berre fire som reiste, inkludert meg og mor mi, seier Hanne.

Etter finalen i Irland reiste ho åleine for å opptre på TV-show i Tyskland. Ho reiste også rundt i Norden, og spela inn «Lykken er» både på norsk, svensk og tysk.

– Eg tenkte ikkje så mykje på at eg var barnestjerne. Songen var ein av mange hobbyar. Eg elska å stå på scenen, og slik var det. Men, då eg vart tenåring, vart eg meir oppteken av kva andre tenkte om meg, fortel ho.

Reisen til Julestjernen

Etter fleire plateutgjevingar valde ho å trekke seg vekk frå platebransjen, og søkte seg inn på Nissen gymnas der ho tok utdanning som skodespelar. Dette førte ho som 20-åring til hovudrolla som Sonja i «Reisen til Julestjernen».

Etter nokre dagar med filming byrja eg å undre på om Sonja var særleg kul. Ho var jo så snill! I dag tenkjer eg at Sonja er eit godt førebilete. Når alle seier at det er umogeleg å finne stjerna, svarer ho «Joda, det er berre eg som må gjere det». Ho trassar uvêr og den vonde greven, og finn stjerna. Først og fremst fordi ho er snill mot andre menneske, seier Hanne.

Ikkje meld deg på tidlig

I dag er det mange som kjem opp og fram via TV-program som Idol og Norske talenter. Hanne meiner barn og unge må trene seg meir på scena før ein melder seg på slike program.

– Eg anbefaler ingen å bli kjendis veldig tidleg. Spesielt i dag som det er så mykje hets på nett, seier ho.

Ho meiner det beste er å opptre på skulen, for eldre, saman med andre i eit kor, eller åleine.

– Ofte spør barn meg om kor mykje pengar eg tener, eller kva kjendisar eg kjenner. Men det viktige er å få stå foran publikum med ein song som kan bety noko, seier ho.