Kajsa (9) har skrive si eiga bok

Pengane som Kajsa Tvedten får for boka sender ho til UNICEF.

Kajsa Tvedten frå Stord har blitt forfattar. I eit halvt år har ho jobba med boka si om Prompeleif.

Kajsa med Prompe-Leif-dokka si. Foto: privat

– Først skreiv eg om korleis han levde og kor han budde. Og til slutt så teikna eg, fortel den unge forfattaren.

Ho har fått god hjelp av bestemor Brit Tvedten med boka. Bestemora har til og med hjelpt til med å sy ei eiga Prompeleif-dokke.

Då boka var ferdig, fekk ho hjelp av pappa Terje Tvedten til å trykka opp boka.

Sleppefest

Alle forfattarar pleier å ha ein liten fest når dei gir ut bøkene sine. Det hadde Kajsa òg.

– Det var litt skummelt, men veldig gøy. Først ønskte me velkommen, og så fortalde eg og bestemor korleis me ha jobba, og at det er kjekt å skriva, fortel Kajsa.

Kajsa fekk til og med skriva autografen sin på bøkene sine til slekt og venner som møtte opp.

Ho hadde til og med dekorasjonar og klistemerke med Prompeleif til festen.

Vil hjelpa dei som ikkje har det så bra

Kajsa har allereie seld fleire bøker. Pengane ho får inn vil ho gi til UNICEF. Dei hjelper barn i fattige land som ikkje har mat og ikkje får gå på skule.

– Eg vil hjelpa dei som ikkje har det så bra.

– Kvifor det?

– Eg synest det er dumt at det er mange ungar som ikkje får gå på skule, seier Kajsa Tvedten.

Forfattartips

Kajsa kan gjerne tenkja seg å skriva fleire bøker. Ho gir gjerne råd til andre som har lyst til å prøva seg som forfattar:

– Det viktigaste er å finna på noko som er gøy eller viktig å skriva. Og så er det berre til å dikta og skriva.