Livet blei forandra

BOKMLEDING: Rekrutten av Robert Muchamore. Skrive av Sandra-Kristin Skjønberg, 11 år frå Djupvika.

Sandra-Kristin Skjønberg, 11 år frå Djupvika i Herøy kommune.

Tittel: Rekrutten.
Forfattar: Robert Muchamore
Sjanger: Grafisk roman.
Forlag/år: Samlaget 2012.

Boka handlar om ein gut som heiter James.  James har skilte foreldre og han har ein stefar. Stefaren har ei jente som heiter Amy. Mora til James dør fordi stefaren tok med nokre piller og masse energidrikker, han putta piller i energidrikken som mora drakk. Då vakna James på eit rom, han lurte på kvar han var, han kika ut vindauget og såg…

Eg liker boka fordi den har både spenning i seg, drama og kjærleik. Det var særleg spennande då James hamna i slosskamp, og då han klora ei jente fordi ho sa at mora hans var tjukk.

Det som er negativt med boka er at den ikkje har sidetal og der er banning i boka. Eg likar ikkje banning.

Forfattaren av boka er Robert Muchamore. Han er født i London i 1972.  Han er mest kjend for å ha skrive bøkene i Cherub-serien. Der er Rekrutten bok nr 1. Dei første bøkene i serien er skrive om til nynorsk.

Eg anbefalar boka for 11 år og oppover fordi der er ein del banning som ikkje passar for dei som er yngre.

Eg gir derfor boka terningkast 4. Boka får to trekk og det går på at det manglar sidetal og fordi det er ein del banning.

Skreve av Sandra-Kristin Skjønberg, 11 år frå Djupvika.