Ventar du på at aldersgrensa på ståhjuling skal verte lågare?

Både Regjeringa og Vegdirektoratet meiner at lovverket bør endrast og at aldersgrensa bør setjast ned. Men, det går ikkje som planlagt.

Du har nok sett det – barn og unge under 16 år som rullar forbi på ståhjulingar, også kalla swegway.

Ifølgje dagens lovverk er ikkje dette lov. Foreldra dine kan faktisk miste førarkortet dersom barna deira under 16 år vert ferska medan dei køyrer på ein ståhjuling, skriv Teknisk Ukeblad.

– Arbeidet med å senkje aldersgrensa har av ulike grunnar teke meir tid enn planlagt, skriv Samferdselsdepartementet til Teknisk Ukeblad.

Er du utålmodig? Det er det fleire som er. No har Vegdirektoratet lagt fram eit forslag om å senke grensa til 12 år. I staden for å ta grensa heilt vekk. Fram til du fyller 17 år må du ha på hjelm for å bruke ståhjulingen.

Ei slik lovendring gjer at du ikkje kan køyre lovleg før om minst eitt år.