Peparkakeoppskrift frå Aurland

Peparkaker høyrer advent og jula til. Her får du oppskrifta på dei knallgode peparkakene frå Aurland.

Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

Dette treng du:

3 dl smelta smør
3 dl mørk sirup
3 dl brunt sukker
3 dl fløyte
1 1/2 dl seterrømme
1/2 dl eplecidereddik
6 ts kanel
4 ts kardemome
4 ts nellik
4 ss friskreven ingefær
1 ørliten knivspiss pepar
1 iten knivspiss fint havsalt
2 ts natron
20 dl speltmel

Slik gjer du:

Ha sirup, sukker, fløyte, eplecidereddik og rømme i ein stor bolle. Tilsett det smelta smøret. Bland speltmel, krydder og natron med dei blaute ingrediensane.

Arbeid deigen til den blir jamn og glatt. Kjevla ut deigen, ca 3 mm tjukk. Trykk ut peparkaker.

Steik i omnen på 180 grader i om lag 6-8 minutt midt i omnen.

Linn Ohnstad (8) og storebror Nils Ohnstad (10) bakar økologiske peparkaker på juleverkstaden saman med mamma Veronica og veslebror Trym (4). Kokkelærlingen Clea Bianca Suhr har laga den gode deigen. (Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis)