Har du ein rampenisse i hus?

I fleire og fleire hus dukkar det no opp rampenissar som finn på merkelege ting på natta. Me har snakka med Alfred (8) og Konstanse (5) som opplever ein nisse som snik seg til å gjere ting ein ikkje har lov til.

Dopapir i heile rommet, skiløp med andre leiker som heiagjeng, grising med ketchup på stoveveggen, klistra auge på alle matvarene i kjøleskapet, snikkikking i kalendergåvene. Det er berre noko av det som har skjedd heime hjå Alfred og Konstanse. Nissen dukka plutseleg opp i starten av desember. I postkassa.

Sendte brev

– Kristoffer kom til oss etter at mamma sendte brev til julenissen der ho spurte om me kunne få ein slik rampenisse i hus, fortel Alfred. Saman med Konstanse har han morgon etter morgon oppdaga nye påfunn frå den vesle nissen.

– Han fekk namnet Kristoffer av oss. Det var den fyrste oppgåva han ga oss – å gje han namn, fortel Alfred. Etter det har det blitt både gåter, oppgåver og overraskingar frå nissen.

Det merkelege er at det også dukka opp ei lita dør som heng nede på veggen. Opp til døra står ein liten stige, og ved sida heng ein raud postkasse. Kristoffer har også ein liten benk, ei grautskål og tresko. Korleis det ser ut inni huset i veggen er det ingen som veit.

Gøymer ting

Om dagen ser Kristoffer ut som ei vanleg leike, men om natta verkar det som om han vaknar til liv.

– Kristoffer gøymer tinga våre, fortel Konstanse.

– Ei natt hadde har spruta ketchup på veggen og skreve ein lapp om at han hadde leika at det var skyttarstevne. På lappen hadde han skrive «Hald avtand! Skyting pågår!», fortel Alfred.

På veggen kunne Alfred lese «Haha» med ketchup-skrift.

Nye vener

Ei anna natt hadde nissen festa auge på pålegget i kjøleskapet. Han skriv på ein lapp at han hadde laga seg vener på dette viset. Fordi han ville ha fleire vener.

– Han skal vera her heilt til julaftan, og me håpar han kjem tilbake neste jul, seier Alfred.

Har du ein rampenisse i hus? Send gjerne inn ditt bilete til janne@framtida.no! Bileta me har fått inn så langt finn du HER.