Korleis feirar vi jul?

I verda er det mange som feirar jul på forskjellige måtar. Om du er kristen, muslim, hindu, katolsk, protestant, jøde eller ikkje religiøs i det heile tatt, så markerar mange jula på ein eller annan måte.

Julefeiringa knyt seg opp mot den kristne trua, om at Jesus blei fødd. Men kva med dei som ikkje trur på Jesus? Feirar dei også jul?

Emilija

Namn: Emilija Morkunaite
Alder: 12 år

Kva religion tilhøyrer familien din?
Katolisisme

Korleis markerar du jula?
Om kvelden den 24. lagar me til julemiddag, og den 25. opnar me gåver tidleg på morgonen.

Kva betyr jula for deg?
Jula betyr at me har ein stor fest fordi me feirar at Jesus vart fødd.

Shubleen

Namn: Shubleen Singh
Alder: 10 år

Kva religion tilhøyrer familien din?
Sikhisam

Korleis markerar du jula?
Vi gjer som vanleg. Gir gåver til kvarandre, og pyntar med juletre. Eg har også julekalender. Og så et vi god mat.

Kva betyr jula for deg?
Det er veldig mykje kos og hygge

Mohammed

Namn: Mohamed Ahmed Hassan
Alder: 10 år

Kva religion tilhøyrer familien din?
Islam

Korleis markerar du jula?
Vi feirer ikkje jul, men vi har det veldig koseleg, og et god mat. Vi har ikkje juletre og slike ting, men vi er saman med familien.

Kva betyr jula for deg?
Jula for meg er å gjere hyggelege ting som å ete god mat og vere saman med familien. Ake seg og gå på ski er også jul for meg.

Demir

Namn: Demir Hakanoglu Tröz
Alder: 10 år

Kva religion tilhøyrer familien din?
Islam

Korleis markerar du jula?
Vi har det heilt som normalt, men vi respekterer den kristne tradisjonen, for namnet til Jesus står skrive i Koranen. Vi et god mat og er saman med familien.

Kva betyr jula for deg?
Det er å ha fri og kunne gjere morosame ting.

Arina

Namn: Arina Hama
Alder: 10 år

Kva religion tilhøyrer familien din?
Islam

Korleis markerar du jula?
I Koranen står det om Jesus og vi markerar bursdagen på ein måte. Vi har juletre, et god mat og har på oss fine klede. Vi gir også gåver til kvarandre.

Kva betyr jula for deg?
Det er feiring og skulefri

Mak

Namn: Mak Manov
Alder: 10 år

Kva religion tilhøyrer familien din?Islam

Korleis markerar du jula?
Vi feirar ikkje jul, men vi har stor feiring på nyttårsaftan. På nyttårsaftan får eg gåve, slik som dei andre får på julaftan. Vi set opp juletre til festen og så er vi saman med familie og vener. Bestefar, som budde i Bosnia, var kristen og då brukte vi å feire jul saman med han.

Kva betyr jula for deg?
For meg er det snakk om nyttårskvelden, og då får eg vere våken lenge, og så et vi god mat og får gåver.