Høgtider i ulike religionar

I Noreg er det svært mange som markerar jula på ein eller annan måte. Skulen har julefri, butikkane bugnar over av juleutstillingar og julegåver. Heile landet gjer seg klar til julefeiring. Men det er ikkje alle som feirar jul på same måte.

Ulike høgtider i dei forskjellige religionane

Jødedomen

Jødar trur ikkje på Jesus som Guds son. Dei feirar heiter Hanukka som er ein åtte dagars fest. Det er ei høgtid der ein feirar gjeninnviinga av Tempelet i Jerusalem. Feiringa skjer i november/desember, men datoen varierar.

Buddhismen

Den viktigaste høgtida for buddhistar er det dei kallar Vesak. Den blir feira i april/mai ved fullmåne, og er til minne om Buddhas fødsel.

Hinduismen

Hinduane feirar Divali som er ein nyttårsfest. Det er ein lysfest som handlar om at det gode sigrar over det vonde. Det er ei feiring som blir feira i to-fem dagar i oktober/november.

Islam

Muslimane feirar Id som er ein fest som avsluttar fastemånaden ramadan. Det var denne månaden at profeten Muhammed, som grunnla islam, fekk dei første openberingane.

For muslimane er Jesus ein profet, men ikkje Guds son. Difor feirar ikkje muslimar jul.

Visste du at…

  • Den russisk ortodokse-kyrkja feirar jula den 7. januar, men mange russarar feirar jula 25. desember.
  • I England heng barna opp julestrømper på kvelden den 24. desember, og morgonen etter opnar familien julegåvene saman. Etterpå gjer dei seg klar for det store julemåltidet.
  • I Nederland markerar dei stort 5. desember. Då feirar dei Sinterklaas, som er basert på biskopen Sankt Nikolas. Då får barna gåver frå Sinterklaas og Svartepetter, ein av hjelparane.