Hackarar trugar Noreg på grunn av kvalfangst

Anonymous er namnet på ei gruppe som bruker hacking til å kjempe for det dei meiner. No har dei bestemt seg for at dei vil ha slutt på kvalfangst i Noreg.

Så, korleis brukar dei internett til dette?

Dei hackar. Det vil seie at dei begår innbrot på internettet til andre. Dei nyttar kunnskapen sin om datamaskinar til å bryte seg inn i andre sine datasystem – sjølv om dei ikkje har passorda. Dette er ikkje lov, så Anonymous gjer faktisk noko gale. Men, dei meiner dei må gjere noko gale for å vise folk kva dei meinar er rett og viktig.

Mot terror

Gruppa har fleire gongar gått til angrep mot ting dei meiner er feil. Mellom anna mot terroren i Frankrike. Då fordømde dei terrorhandlinga og lova hemn mot dei som stod bak. Det er ingen som veit kven det er som står bak denne gruppa. Anonymous betyr anonym på norsk.

– Her skulle vi nok ønskt at vi hadde betre kontroll, seier Lone Charlotte Pettersen i Kripos til Aftenposten.

Anonymous er ikkje interessert i pengar. Dei vil heller ikkje vera kriminelle. Men, dei vil stoppa kvalfangst ved å bryte seg inn i datamaskinane til store norske bedrifter.