Norske barn har gjort inntrykk: – Det er vi som skal arve jorda

SJÅ VIDEO: Noreg har eit klimapanel som består av åtte barn i alderen 12-15 år. Desse åtte barna er valt ut, og jobbar for at barna sine meiningar i Noreg kjem fram til dei som sit med makta.

Fakta om Barna sitt klimapanel

Panelet består av åtte miljøagentar mellom 12 og 15 år.

Desse kjem frå heile landet.

Dei formidlar innspel frå norske barn.

Miljøagentane er barna sin eigen miljøvernorganisasjon.

Miljøagentane vil ha eit reinare miljø og ei tryggare framtid for jorda og menneska som bur på ho.

Alle barn i Noreg kan bli miljøagentar.

Les meir på miljøagentene.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Barna sitt klimapanel har fokus på barna si framtid med tanke på klima og miljø. Førre veka var dei åtte barna i ein by som heiter Bonn, der det var eit stort møte som handla om klima.

– Vi er i Bonn fordi vår oppgåve er å formidle barna sine meiningar om klima og miljø, til dei som bestemmer, sa Penelope Lea (13) som er ein av dei åtte barna i panelet.

Rapporten barna gav frå seg har som mål å vidareformidle barna sitt syn på klima og miljøproblem, både her i Noreg, men også ute i verda.

– Vi har lært veldig mykje, og så har vi forhåpentlegvis lært bort noko også, seier Aron Schaanning (13).

Kristiane, Emma, Kaja, Aron og Penelope frå Barna sitt klimapanel var på plass under klimatoppmøtet. Foto: Miljøagentene
Kristiane, Emma, leiar Kaja, Aron og Penelope frå Barna sitt klimapanel var på plass under klimatoppmøtet. Foto: Miljøagentene

Innspel frå fleire hundre norske barn

Barnas Klimapanel arbeidde i forkant med å lage eit skriv med krava frå dei norske barna. Desse krava dreia seg om å ta vare på naturen, kutte klimagassutsleppa og senke forbruket. Dei skreiv også at dei vil bli tatt på alvor, og at vi må gjere noko for barn i andre land.

Barnepanelet fekk overrakt skrivet til ministeren for klima og miljø, Vidar Helgesen og til Thelma Krug som er visepresident i energi- og miljøkomitee på Stortinget.

Timoci Naulusala (12) holdt opninginnlegget for siste del av klimaforhandlingane (Foto: Miljøagentene)
Timoci Naulusala (12) holdt opninginnlegget for siste del av klimaforhandlingane (Foto: Miljøagentene)

Sterke inntrykk

Under møtet fekk dei også møte tolv år gamle Timoci Naulusala frå øygruppa Fiji, noko som gjorde sterkt inntrykk for det norske barnepanelet.

– Timoci snakka med oss om bekymringane for Fiji som allereie er hardt råka av klimaendringane, seier leiar i Barna sitt Klimapanel, Kaja Marie Nyland (15).

Under uvêret, Winston, som traff Fiji i 2016 blei både skulen og landsbyen til Timoci øydelagd.