Boka gjorde meg avhengig

BOKMELDING: Apetryne. Av Gregor Notøy, 11 år frå Tjørvåg. Vil du skrive bokmeldingar? Sjekk faktaboks.

Vil du skrive?
  • Skriv bokmelding og send inn til oss på tips@framtida.
  • Merk mailen med “Bokmelding”.
  • Det treng ikkje vere ei nynorskbok, men bokmeldinga må vere skriven på nynorsk.
LES FAKTALUKK FAKTA
  1. Tittel: Apetrynet
  2. Forfattar: Atle Hansen.
  3. Sjanger: Drama/Kjærleik
  4. Forlag/år: Samlaget 2017
  5. Sidetal: 96

Boka handlar om Arne som blir hata av bestevenen sin. Handlinga føregår i ein skog. Hovudpersonen Arne likar å lese.

Eg likar dramaet i boka fordi det blir meir spanande. Boka er original. Det er ingen bilete. Det er vanskeleg å leggje frå seg boka. Det eg ikkje likar med boka er at broren til Arne er for lite med, den burde handla litt meir om han også.

Språket passar til boka. Boka passar for barn/ungdom frå 10-16 år,  fordi det er ingen bilete. Eg vil anbefale boka fordi den er morosam og kapitla er korte og spennande.

Forfattaren av boka er Atle Hansen, han er født 18. november 1954. Han har fått  heidersprisen «Aasmund Olavson Vinje» i 1996. Atle Hansen jobbar som skribent.

Eg vil gi boka terningkast 5, fordi eg synes boka var kjempebra, men det som trekkjer den litt ned er at broren ikkje var så mykje med.

Bokmeldinga er skriven av Gregor Notøy, 11 år frå Tjørvåg.