Fotballgudane

BOKMELDING: Kampen om pokalen. Av Selma Eide-Storøy (11). Vil du skrive bokmelding? Sjekk faktaboks.

Vil du skrive?
  • Send oss bokmeldinga på mail, tips@framtida.no
  • Merk mailen med “Bokmelding”
  • Det treng ikkje vere ei nynorskbok, men bokmeldinga må vere skriven på nynorsk.
LES FAKTALUKK FAKTA
  • Tittel: Kampen om pokalen
  • Forfattar: Gerard Van Germert
  • Sjanger: Barneroman
  • Forlag/år: Samlaget / 2017
  • Sidetal: 150 sider

Boka handlar om Stein og Storm og vennane deira som spelar for FK Rapitas. Dei har ein kamp mot strid når dei møter deira største rival: Stutane.

Hovudpersonen som er Stein er både følsam, og ein person som aldri gir seg. I forteljinga inneheld både konfliktar og spaning.

Det som er veldig positivt med boka er at boka er ei bokserie. Så dersom du synest boka er gøy å lese kan du lese meir. Boka er unik på mange måtar. Til døme var forfattaren utruleg flink til å fortelje om alle personane, og han gjorde slik at eg berre måtte lese vidare.

Det som var litt dumt var at boka ikkje hadde nokon illustrasjonar og starten kunne kanskje vore litt meir spanande, men etter du har lest ca 20 sider då flyter forteljinga kjempebra.

Forfattaren Gerard Van Germert er født 24. desember 1964. Han kjem frå Nederland og har skrevet mange fotballbøker.

Eg vil anbefale boka til dei som er over 8 år på grunn av lengda på boka. Boka får terningkast 5, fordi boka var KJEMPEBRA og ho trefte meg utruleg bra!

Skriven av: Selma Eide-Storøy, 11 år frå Tjørvåg