Best i verda på elevrådsarbeid

Norske elevar veit svært mykje om korleis demokratiet fungerer samanlikna med andre land.

Kva er eit demokrati?
  • Demokrati er også kalla eit folkestyre.
  • I eit folkestyrt land er det innbyggerane sjølv som bestemmer kven som skal styre landet.
  • I eit dempkrati har me fritt val. Alle kan sjølv bestemme kva politisk parti dei vil stemme på.
  • Alle har rett til å vera ueinig med fleirtalet.
  • Kvart enkelt menneske sine rettar er like viktige.

(Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Forskarar har undersøkt 14-åringar sin kunnskap om spørsmål som handlar om demokratiet (sjå faktaboks om demokratiet).

Dei ville finna ut korleis skuleelevar er førebudd på å delta aktivt i samfunnet.

Noreg skil seg ut

Norske elevar leverer dei beste resultata på spørsmål om dei deltek i aktivitetar som elevråd, elevparlament og studentdebattar, ifølgje Forskning.no.

Meir enn ni av ti norske elever seier at dei har delteke i val av tillitsvalte, og seks av ti har delteke i beslutningar om korleis skulen blir drive.

Dei norske 9. klassingane skil seg ut frå dei andre landa rundt om i verda, men også dei andre landa i Norden.

– Elevane opplever at skulen er open for ulike meiningar og diskusjon, fortel forskningsleiar Guro Ødegård ved Høgskulen i Oslo og Akershus til Forskning.no.

Høgt nivå

Faktisk så er over halvparten av dei norske elevane på det høgaste nivået.

– Dette er høgt om me samanliknar med gjennomsnittet i andre land, der er berre éin av tre elevar er på det same nivået, fortel prosjektleiar Lihong Huang ved NOVA på Høgskulen i Oslo og Akershus.

Les om Mathilde Nerstad Nyquist (12) og August Wikborg (11) som har blitt valt som elevrådsrepresentantar her. Dei deler sine tips til deg som er elevrådsrepresentant.