Vil gjere ein forskjell i elevrådet

Kva kan elevrådet gjere for at skulen skal bli endå betre for alle elevane?

Elevråd
  • Alle skular skal ha eit elevråd.
  • I barneskulen skal det vere med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet. Yngre elevar kan også bli valde.
  • I Elevrådet har ein møter der ein tek opp saker som dei som er valt til elevrådet snakkar om. Dei som sit i elevrådet for kvar klasse har plikt til å møte. Elevrådet har også ein elev som blir valgt til å vere leiar. Jobben til elevrådsleiaren er å ta saker vidare med rektor og styret på skulen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Mathilde Nerstad Nyquist (12) og August Wikborg (11) har blitt valt som elevrådsrepresentantar. Mathilde har god erfaring, for ho går inn i sitt andre år. For August derimot er alt nytt, og går inn som vara.

Ein kan nesten merke at 7A på Bogstad skole har tatt eit klokt val. For dei er engasjerte, og dei er ivrige på jobben dei skal gjere dette skuleåret.

– Mitt mål er å formidle klassa sine meiningar, og det klassa står for, seier Mathilde.

August tenker seg om, før han legg til:  – Ja, som vara og elevrådsrepresentant er klassa si meining viktigare enn ditt eige syn på saka.

Det er dette som er demokrati, at alle skal bli høyrt. Og det er fleirtalet som avgjer om ein går vidare med saka til elevrådet.

Ingen skal grue seg til skulen

Alle som ville stille som elevrådsrepresentant fekk halde ein appell. Og Mathilde snakka om skulekvardagen, kor viktig det er at alle er trygge. Både elevar, men også lærarar.

– Ingen skal grue seg til å gå på skulen.

Å gjere ein forskjell

August snakka om dei same viktige tinga, men hadde kantinedrifta på skulen som ein av sine viktigaste saker. Mathilde fortel at mange av elevane synest det er for sjeldan at ein har kantine.

– I tillegg til å diskutere kantine, så er elevrådet ein møteplass der ein kan gjere ein forskjell, seier Mathilde.

Ho fortel at elevrådet har jobba med å lære opp Elevmeklarane til å gjere ein betre jobb. I tillegg har elevrådet også vore med å laga reglar og kursa Trivselsleiarane i kva som er viktig å gjere når ein set i gang aktivitetar i skulegarden.

Får ein gjennomslag i elevrådet går dette vidare, og rektor kjem inn i bildet. – Eg har eit ønskje om å bli elevrådsleiar for skulen. Då vil eg få eit tettare samarbeid med rektor og styret på skulen, seier Mathilde.

Nokre tips

Mathilde og August skriv ned dei viktigaste tipsa til andre som er elevrådsrepresentantar. Foto: Framtida jr.
Mathilde og August skriv ned dei viktigaste tipsa til andre som er elevrådsrepresentantar. Foto: Framtida jr.

Mathilde og August har nokre tips til deg som er elevrådsrepresentant.

  • Klassa si meining er viktigare enn di personlege. I elevrådet talar du klassa si sak.
  • Som elevrådsrepresentant er du ein formidlar. Både til elevrådet, men også tilbake til klassa.
  • Du må tørre å stå på ditt, og ta ordet. Hugs at klassa har valt deg som ein representant. Vis dei at du set pris på tilliten.
  • Seriøse forslag kan takast opp i elevrådet, men det skal vere gjennomtenkt av klassa på førehand. Noter ned argumenta, og førebu deg til møtet.