– Kult med ei bok du kan halde i hendene

No kan du lese boka om Sander, Randulle og legendene: FIFA-stjerne på YouTube, skrive av journalist, personlig trenar og Farmen-deltakar, Stine Hartmann. I boka fortel Sander om korleis han vart YouTube-stjerne.

– Dette er utruleg gøy! Eg hadde ikkje tenkt tanken på bok, men fekk ei melding frå Cappelen Damm, og eg var litt sånn “WHAT??”, men blei sjølvsagt med då dei spurte om eg var gira. Det var ei i forlaget som har eit barn som ser på meg på YouTube, så det var kult.

HER KAN DU LESE MEIR OM SANDER OG KORLEIS DET ER Å VERA STJERNE PÅ YOUTUBE

Bøker har me jo hatt lenge, mens YouTube så nytt, hipt og kult. Kva kan bokforma tilby som ikkje YouTube kan?

– Det er først og fremst det at ein kan halde i noko fysisk med hendene. Det er noko anna å kunne ta på det ein les. Eit anna døme på det er fotballkort, den herlege kjensla av å ha korta i handa. Det er eg stor fan av. Dessutan er det heilt sjukt å ha ei bok med ansiktet mitt på forsida!, ler han høgt.

I boka får du lese om Sander sine aller beste FIFA-triks, om jenter, fans, vener, familie, og du får tips til korleis du kan lukkast på YouTube. 

BLI MED PÅ VÅR YOUTUBESKULE, LES SANDER SINE BESTE TIPS TIL DEG SOM VIL LUKKAST PÅ YOUTUBE HER