Noregs FIFA-konge Randulle:  – Eg har draumejobben

Som 9-åring starta Sander å spele FIFA. Kan du leve av å spele fotballspel? – Jepp, det kan du, ler Sander Austad Dale (19).

Fakta om Sander (19):
  • Bur i Skien saman med familien sin – med far (Øystein), mor (Trude), veslebror (Bendig) og storesøster (Hedda).
  • Vart kåra til “Årets Gamer” og “Årets Nykommer” på Gullsnutten 2016. Dette er ei kåring av dei mest populære YouTubarane i Noreg.
  • Randulle er eit kallenamn han fekk av kompisane sine då han var 16. Dei slo sammen Sander og etternamnet Dale til «sandal», og sidan alle i gjengen skulle ha eit namn med «r» , byta Sander ut «s» med «r» og kalla seg for «Randal». For å gjera namnet litt søtare, slang han på –ulle, og slik blei det Randulle.
LES FAKTALUKK FAKTA

AKTUELL MED BOK

– Eg har faktisk nett starta på eit friår for å satse på YouTube, fortel han.

Han er nok best kjent som Randulle, YouTube-stjerna som dei siste tre åra har filma seg sjølv medan han speler det populære fotballspelet. Så legg han filmsnuttane ut på YouTube, og heile 60.000 menneske kikkar på alle triksa og tipsa han kjem med. Han har over 13 millionar visningar, og rekorden er 1,9 millionar visningar på ein einaste video.

Lever draumen

– Eg får fleire og fleire abonnentar, og det er så stas! Det er liksom ikkje noko berg og dalbane dette. Det går berre opp, opp, opp, seier han.

Dette er sjølve draumejobben for Randulle, men han vil ikkje ut med kor mykje løn han har i månaden.

– Eg er min eigen sjef, og det er deilig. Eg kan gjere det eg vil, og vera kreativ i arbeidet med å lage og redigere filmane mine, fortel han.

 

– Sidan eg var 10 år har eg hatt ein draum om å få 100 000 abonnentar på YouTube

 

Vil ikkje skremme

Randulle snakkar mykje i videoane sine, og fortel at både mor, far og han sjølv er einige om at stygge ord ikkje er kult.

– Eg brukar hovudet, og tenkjer på at barn og foreldre ser på. Banning og slikt skremmer folk vekk. Både mamma og pappa er snille menneske som tenkjer på andre, og slik vil eg også vera, seier han.

Han fortel at han er den same guten, anten han er på video eller heime med vener og familie – men han pøser på med energi når han lagar filmar.

– Det er viktig å vera seg sjølv, uansett kva du gjer!

HER KAN DU LESE RANDULLE SINE BESTE TIPS TIL DEG SOM VIL BLI YOUTUBE-STJERNE

Speleforbud

Då Randulle var yngre syntest foreldra at han spelte for mykje, så han fekk både spelereglar og speleforbud, spesielt om sommaren. Då var det best å komme seg ut for å leike.

– No er det annleis, fordi foreldra mine også ser at det ligg mykje hardt arbeid bak filmane eg lagar. Eg må jo klippe og lime saman alt eg lagar, fortel han.

 

Pustehol i kvardagen

Spelinga gjer at han finn roen, og slik har han fått eit pustehol i travle skuledagar. Men det kan bli for mykje av det gode også.

– Når du droppar vener og familie for å spele, så er det på tide å stoppe opp, meiner han.

Om du klarar å spele, vere med vener, familie og gjera andre kjekke ting, er spel fint å ha.

– Du hopper jo inn i ei anna verd, og det er ekstra fint å flykte litt inn i eit spel om det skjer noko vanskeleg i det ekte livet. Men, det er viktig å hoppe ut att, for problema forsvinn ikkje av seg sjølv. Du får bare ein god pause, seier han.

HER KAN DU LESE BOKOMTALE AV Randulle og legendene: FIFA-stjerne på YouTube