Vipps kjem med barne-app

Vipps-sjef Elisabeth Haug trur sju eller ni år blir nedre aldersgrense for betalingsappen som kjem neste år.

 «15 min» kaller vi appen som gjer det mogeleg for målgruppa å motta pengar, slik at dei til dømes kan motta bursdagsgåver og pengar frå foreldra sine, seier Haug til Nettavisen.

Ingen venebetaling

Ho sier Vipps vil ha ein barnevennleg app som kan nyttast i kontrollerte situasjonar som på Ruter, NSB og Norway Cup, men at venebetaling ikkje er aktuelt.

 Me er opptekne av å ikkje sette barn og unge i ein vanskeleg situasjon, dei skal ikkje kunne bli pressa for pengar, seier Haug.