I kveld er det finale i MGPjr

Det er klart for årets MGPjr-finale.

Reglar for MGPjr
  • Du/dykk må vera mellom 8 og 15 år under finalen.
  • Du/dykk må ha laga tekst og melodi sjølv.
  • Du/dykk må synga på norsk eller samisk og vera folkeregisteret i Noreg.
  • De kan ikkje vera fleire enn 8 stykker i ei gruppe.
  • Songen bør vera mellom 2:30 og 3:00 minutt lang.
  • Songen skal ikkje ha vore utgjeven før.
  • Dei som vinn får eit trofe, og mykje glede. Det er ingen pengepremie.
LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor var det Vilde og Anna frå Nordfjordeid som stakk av med sigeren med låta Vestlandet. I år kjempar 10 låtar om å stikke av med den gjeve sigeren.

NRK Super fortel at det kom inn 1255 bidrag. Av dei er 10 bidrag plukka ut frå bunken, fordelt på 8 gutar og 6 jenter. I år var det stort engasjement rundt verdsfreden og flyktningkrisa i Europa.

Vi ønskjer finalistane lykke til!

MGPjr blir sendt i kveld på NRK 1, klokka 19.55