Viktig å øve på å vera åleine

- Når du er utan sosiale medium og smarttelefonar, kjenner du ikkje behovet for å bli likt, høyrt og sett av tusenvis, fortel Sherry Turkle, professor i psykologi.

Ho har forska på unge og datavanar i meir enn femten år, og er bekymra over det ho har funne ut.

– Teknologi, som PC-ar og smarte telefonar, kan gje oss kjensla av at tusenvis ser og høyrer oss, men me blir eigentleg meir og meir åleine, seier ho til TED.com.

– Snakk saman

Professoren meiner barn treng å øve meir på å vera åleine, utan sosiale medium og smarttelefonar, slik at dei ikkje kjenner behovet for å bli likt, høyrt og sett av tusenvis.

– Då vil barna bli tryggare i seg sjølv, slik at dei kan møte menneske dei har lyst å snakke med ansikt til ansikt, seier ho.

Sherry fortel at ho mellom anna snakka med ein 18 år gamal gut som helst sendte SMS til vener og familie. Han fortalte at han ein dag vil lære å ha ein samtale.

Bli kjend utan telefon eller PC

Sherry meiner det er enklare for mange unge å halde folk i den verkelege verda på avstand, altså å helst skrive til kvarandre på Facebook eller SMS, fordi dei er redde for at dei ikkje kan endre på det som blir sagt i samtalen.

– I ein SMS kan du redigere det du skriv, men om du seier det til eit ekte menneske, er det sagt, seier ho.

Professoren meiner SMS og Facebook er fint om ein skal seie noko heilt kort. Men, ho synest ikkje SMS og Facebook kan gi kjensla av å verkeleg bli kjend med nokon.

– Når du ikkje snakkar med folk i røynda, og tenkjer at teknologien kan erstatte folk, blir du etter kvart veldig åleine, fortel Sherry.