Vil du samle inn pengar til TV-aksjonen?

Tusenvis av elevar landet rundt bidreg til TV-aksjonen, men dei treng endå fleire folk. Er du ein av dei?

Du kan gjere ein forskjell for millionar av barn. På sundag 22. oktober er det TV-aksjon. Inntekta går til UNICEF og deira arbeid med å gje skulegang til barn.
Du kan gjere ein forskjell for millionar av barn. På sundag 22. oktober er det TV-aksjon. Inntekta går til UNICEF og deira arbeid med å gje skulegang til barn.

På sundag er det TV-aksjon, og pengane går til UNICEF som arbeider for å gje skulegang til barn i krigs- og konfliktområde.

Korleis kan du hjelpe?

Du kan vere kreativ når du skal samle inn pengar. Det er alltid lurt å snakke med ein vaksen fyrst. Du kan arrangere basar, loddsal, samle tomflasker, eller hjelpe til med husvask eller kanskje lage middag som du får betalt for? Pengane du får inn kan ein vaksen hjelpe deg med å levere til TV-aksjonen.

Gjer du eller klassa di noko spesielt for å samle inn pengar? Tips oss på tips@framtida.no

Bli børseberar

Du kan også melde deg som børseberar, men då må du alltid gå saman med ein vaksen som er 18 år eller eldre.  Ta kontakt med din lokale TV-aksjonsleiar og registrer deg.

Innsamlinga skjer sundag mellom klokka 16.00-18.00

Alle som går med børse skal ha ei børse som ikkje kan opnast, og alle skal ha eit skilt som syner at du kjem frå TV-aksjonen.

2014 var rekordår

Det blir spanande å sjå kor mykje Noreg klarer å samle inn. Klarer vi å slå rekorden frå 2014? Då kom det inn 250 millionar kroner. Då var det Kirkens nødhjelp som fekk pengane for deira arbeid med å gje vatn til millionar av menneske.