Beintøff gjeng

35.000 skuleelevar frå heile landet var med i konkurransen «Beintøft», der elevane har reist miljøvenleg til skulen i heile september. No er vinnarane kåra!

– 36.000 barn, 10 000 fleire enn i 2016, har delteke i årets «Beintøft». Det er heilt fantastisk! Me veit at mange barn har eit stort ønskje om å ta vare på miljøet og naturen vår, og håpar endå fleire tenkjer over korleis me kan gjer det, fortel Hanna Hågensen Aasen, kommunikasjonsrådgivar i Miljøagentene.

Til månen og tilbake

I løpet av fire uker har elevane i heile Noreg gått over 700 000 kilometer. Det til svarer en distanse som fra jorda og til månen – og nesten tilbake.
Den aller beste «Beintøft»-klassen, 7A på Grindhaug skule, har vunne 30.000 kroner, som skal komme heile klassen til gode. Klassen fekk hemmeleg besøk frå ordføreren og Miljøagentene onsdag, som ga klassen ein sjekk på 30 000 kr.
– Me vart veldig overraska. Me trudde me berre skulle ta bilete, fortel Malin i 7A, til Haugaland TV

Premiar

Dei beste 1. til 7. klassane i heile landet får også premie. Verdien er 10.000 kroner. I kvart fylke er det også ein premie til den beste klassen. Dei får kvar sine 5000 kroner. Kvar veke har det på toppen av alt vore ein eigen konkurranse der alle kunne vinne 5000 kroner.

– Pengane kan nyttast til nye sykkelstativ, parsellkassar til dyrking, sparkesyklar, eller nye fotballmål i skulegarden, sier Hanna i Miljøagentene.

Ukesoppdrag
Elevane har hatt fire ukesoppdrag med ulike tema: Natur og lokalmiljø, sykkel, klima og verden og lufta vår.
– Me har fått kreative, morosame og interessante teikningar og bilete som forklarar miljøproblem, men som først og fremst viser barna sine idear til korleis me kan løyse dei, fortel Miljøagent-Hanna