Norske barn har lese over 680.000 bøker i sommar

Rekordtal for Sommarles-kampanjen.

  • Sommarles har i år hatt deltakarar frå rundt 300 kommunar i heile Noreg.
  • 58 963 barn har til saman lese over 686 492 bøker!
  • 398 128 av desse bøkene syntest barna var morosame, 381 615 var spennende, 155 521 var rare og 60 951 var rett og slett kjedelege.
  • Den suverent mest lesne boka i sommar er “Gutta i trehuset med 13 etasjer” som 4 674 barn har lese.
  • Bibliotekarane i Sommarlesbiblioteka har delt ut over 63 535 premiar!

Likar å lesa

– Eg likar å lesa bøker, seier Tori Torbjørnsen (7) frå Fitjar.

I sommar har ho lese bøker sjølv, ho har høyrt på lydbøker og ho har blitt lese for.

– No har eg kome til nivå 22, og då har eg henta den siste premien min, seier 7-åringen.

Dei borna som deltok i Sommarles-kampanjen og registrerte kor mykje dei les, kunne få opp til tre premiar på biblioteket.

Til neste sommar blir det ny runde med Sommarles.

 

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here