Rørande vakkert om vennskap

BOKMELDING: Strålande vakker bok med korte forteljingar om vennskap.

Korleis får ein seg ein venn? I Ta 100 steg og få ein venn er me fluger på veggen i det magiske første møtet mellom to barn. Erna Osland viser nok ein gong den sjeldne evna ho har til å skriva frå ståstaden til barn. Boka liknar dikt, har få setningar og ord som set lesaren i nye stemningar og lar oss bli kjend med dei ulike personane i kvar historie.

Alt blir ikkje sagt rett ut, difor er det fint å snakka om boka etterpå.

Skrifta er mellomstor, med korte, lettlesne setningar.

Eigentleg kan alle ha godt av å lesa boka. Alle treng venner – og både ungdom og vaksne kan ha godt å lesa om korleis ein kan skapa vennskap.