Me har snakka med Emeli (12), David (12), Aron (12) og Sondre (12) om den nynorske versjonen av luciasongen. Dei kjem alle frå Skånevik i Etne kommune, same kommune som Ingvar Moe som har gjendikta songen på nynorsk.
Nobels fredspris for 2018 går til den kongolesiske legen Denis Mukwege og IS-overlevande Nadia Murad. Prisen delar dei for jobben mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.
Jula varer heilt til påske? Neida, men her kan du sjå korleis du kan lage ein (påske)hare. Du treng hard papp, saks og garn. For å lage øyrene kan du også få bruk for ei filtnål.