Superheltar reddar folk som er redd for insekt

Forskarar har oppdaga at superheltfilmar kan fungere som ein kur for folk som er redd for edderkoppar og maur.

Filmar som Spider-Man og Ant-man kan hjelpe folk å takle redsel for insekter, skriv Kids News.

Hjelp å få

Ifølgje ny forsking treng ein berre sjå sju sekund på ein superheltfilm før ein kan merke at insektfobien blir dempa. Å ha ein fobi tyder at ein er veldig redd. At redselen er mykje større enn den verkelege faren i situasjonen. Ein person med fobi vil heller ikkje høyre på forklaringar om at situasjonen ikkje er farleg. Dei vil helst unngå situasjonar der dei kan møte det dei er redd for.

Funnet kan føre til at filmar med superheltar blir brukt for å hjelpe dei som har det slik. Det å utsette ein person med forbi for det den er redd for er eit triks mange psykologar bruker.