– Vi skal synge nasjonalsongen!

Framtida Junior har snakka med Anders (12), Anne (12) og Mathias (12) om korleis dei feirar 17. mai.

ANDERS SØLVBERG (12)

Kva betyr 17. mai for deg?

Det betyr i grunn ikkje så mykje meir enn at det er ein helligdag. Det er den datoen Noreg fekk Grunnlova.

Kvifor feirar vi 17. mai?

Fordi grunnlova vart skriven 17. mai 1814.

Kva gjer du den dagen?

– Eg går i tog fordi eg spelar slagverk i korps. Eg går rundt med ei skarptromme som dinglar. Eg et graut og spekemat. I år håpar eg på å ta meg ein tur i fjellet på ettermiddagen.

ANNE BROWN (12)

Kva betyr 17. mai for deg?

17. mai er Noreg sin uavhengighetsdag. Det er viktig for Norge som sjølvstendig land. Eg flytta hit frå Spania for fire månadar sidan. Eg har budd i Spania heile livet.

Kvifor feirar vi 17. mai?

Fordi det er Noreg sin nasjonaldag.

Kva gjer du den dagen?

Vi skal synge nasjonalsongen. Et de nasjonalmat, kanskje? Slik som i jula? Då et vi jo pinnekjøt. Det prøvde eg i jula. Eg har sett ein bunad og synest det er veldig fint. Men veldig dyrt!

MATHIAS SANDANGER (12)

Kva betyr 17. mai for deg?

For meg handlar dagen om å vera i lag med familie og vener.

Kvifor feirar vi 17. mai?

Det er fordi Noreg blei sitt eige land i 1814. Vi fekk grunnlova den dagen. Det er ein måte å vise at vi er glade i landet vårt og har respekt for landet vårt. Dei fleste land har ein slik dag. Det er nasjonaldagen vår.

Kva gjer du den dagen?

Eg går i tog med venene mine på skulen. Familien min et middag hos vener, eller inviterer dei heim til oss. Vi har leikar ved idrettssenteret. Kvart år er det 7. klasse som arrangerer, og i år er det oss! Eg et pølser og slik som er i kiosken.