Havforskningsinstituttet anbefaler å fôre «spionkvalen»

Havforskningsinstituttet meiner at kvitkvalen i Hammerfest må bli fôra dersom den ikkje klarar å finne mat på eiga hand.

Førre veke ba Fiskeridirektoratet om eit råd frå Havforskningsinstituttet. Det store spørsmålet dei vil finne svar på er; kva bør gjerast med kvitkvalen som vart oppdaga ved kysten av Finnmark i april?

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Kvalen blei mistenkt for å vera ein spion, men no viser det seg at den kanskje er ein russisk terapikval.

No meiner Havforskningsinstituttet at kvitkvalen må få mat viss den ikkje klarar å finne mat sjølv.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Kvalen er nemleg så tam at det kan vera vanskeleg for den å leve i det fri. Instituttet meiner også at kvalen må få komme attende til Russland, slik at den kan få mat og ein trygg stad å bu.