Klokkemakar Alfreds mysterium

Dette er ei bok for alle som likar ei god historie.

Denne har røter attende til klokkemakaren til franske dronning Marie-Antoinette på 1700-talet. Den franske klokkemakaren laga ein gong to klokker som skulle høyre saman.

Ved eit skjebnesamantreff kom klokkene tilbake til klokkemakaren etter at dronninga døydde, og dei vart verande i klokkemakarslekta sidan det.

Lesaren får høyre denne historia gjennom ei forteljing i notid, om Tobias og Rosie, på vinterferiebesøk hos tante Lea. Dei vert kjende med klokkemakaren Alfred, som bur åleine på ein falleferdig gard i skogkanten. Han har vore på leiting etter dei to klokkene frå Frankrike heile livet, og no gjer Tobias og Rosie det dei kan for å hjelpe han å finne dei.

Bok:
Forfattar: Olla Rypdal
Forlag: Olla forlag
Utgjevingsår: 2020
Sider: 84
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar