«Katten og kråka»: Vekkjer eventyrlyst

Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvarsen har laga ein fornøyeleg teikneserie – eit verkeleg feelgood-eventyr.

I byrjinga av teikneseriealbumet Katten og kråka – som er laga av Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvarsen – er ei gruppe menneske er på veg til ei borg som har vore forlaten i mange år. Nokon lurar på om borga framleis er ein trygg stad. Ein trollmann – som i alle fall påstår at han skjønar kråkespråk – sender ut ei kråke for å sjå.

Då kråka kjem tilbake prøver ho å fortelja at i borga bur det no ein farleg drake. Trollmanen skjønar ingenting og seier til dei andre at borga er trygg.

Ops! Kva skal kråka gjera no? Saman med ein katt drar ho til borga i håp om å bli kvitt draken før menneska kjem.

Det er duka for ei morosam histore full av forviklingar og magi.

Handlinga blir effektivt fortald – både gjennom velskrivne replikkar og framifrå bruk av dei grafiske elementa. Forteljinga har ikkje daudpunkt, men skrir stadig framover. Det skjer heile tida noko spennande eller løye, med andre ord så kjedar ein seg aldri. Det er imponerande!

Alt går temmeleg knirkefritt for seg. Likevel så saknar eg ei historie som er meir særeigen og meir vågal. Serieskaparane er utvilsamt dyktige og kunne nok teke fleire sjansar.

Til dømes er plottet litt vel enkelt. Katten og kråka blir berre utsett for ei utfordring om gongen. Det hadde vore gøyare om dei måtte takla fleire problem på ein og same tid.

Ein er heller aldri usikker på korleis soga kjem til å enda. Det gjer at teikneserien ikkje er så spennande og nervepirrande som han kunne ha vore.

Karakterane er søte og sjarmerande, men er nokså eindimensjonale. Eg skulle gjerne ha visst meir om kven dei er og kva motvasjon dei har. Ein real konflikt og litt dårleg stemning hadde heller ikkje vore å forakta.Illustrasjonane er fabelaktige! Og dei er verdt prisen på boka i seg sjølv. Oppslaga myldrar av liv. Ein kan nok sjå på dei same bileta igjen og igjen utan å gå lei.
Stilen er sukkersøt, fargane er klare. Både dyra, menneska og dei overnaturlege vesena er uttrykksfulle. Ein kan lett kjenna igjen kjensler og leva seg inn i universet. Teikningar som dette spreier glede!

Viktigast av alt: serieskaparane evnar å bruka dei visuelle verkemidla til å fortelja. Teksten er nesten ikkje naudsynt. Det er god dynamik mellom dei ulike grafiske elementa, auga finn fort det rette fokuset.

Katten og kråka er utan tvil god underhalding. Teikneserien klarar så absolutt å pirra eventyrlysten min. Dette er tilrådd lesnad for born og vaksne i alle aldrar.

Bok: Katten og kråka
Forfattar: Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvarsen
Forlag: Überpress
Utgjevingsår: 2021
Sider: 74
Passar for: 6-14 år

Andre bokmeldingar