Sirkus Spetakkel

Vesle Ada er på landevegen med dei to rufsete sirkusonklane sine, Mikko og Rasmus.

Dei to onklane er ekte klovnar, og saman reiser dei rundt med Sirkus Spetakkel. Ada er ikkje heilt som andre jenter; ho går ikkje på skule, og ho bur ikkje saman med foreldra sine. Heldigvis har Mikko og Rasmus lært henne å lese, men gangetabellen får ho nok aldri lære, sidan klovnane ikkje er spesielt glade i tal.

På landevegen møter det vesle sirkuset mange utfordringar, særleg når den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk frå vegen. Dermed byrjar kampen om sirkustrona og jakta etter ei mor som Ada ikkje kan hugse. Kan det vere sant at ho har ei mor som er sirkusdronning og ein far som bur på ei aude øy?

Historia som Kari Smeland har skrive, er varm og truverdig. Ho handlar om vennskap, om fellesskap og om saknet etter foreldre. Kampen mellom det gode og det vonde står sentralt; kven vinn kampen om sirkustrona?

Det er mykje tekst i boka, og illustrasjonane klarer ikkje alltid å gje oss dei pusteromma me kanskje treng i lesinga. Samstundes er det god flyt og eit godt språk i boka.

Boka passar best for dei mellom 9 og 12 år.

Bok:
Forfattar: Kari Smeland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2014
Sider: 319
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar