Cherub 5: Heilag galskap

Nok ei spennande bok i Cherub-serien!

Då eit CHERUB-team avdekkjer samarbeid mellom økoterroristgruppa Hjelp jorda! og den velståande religiøse sekta Overlevarane, blir James Adams send til Australia på eit spionoppdrag. Det er den tøffaste jobben hans så langt.

Hovudkvarteret til Overlevarane ligg langt ute i bushen, totalt isolert, og denne gongen kjempar James ikkje berre mot terroristar, men også mot hjernevasking. Å halde på sin eigen forstand viser seg å vere ei stor utfordring.

Bok:
Forfattar: Robert Muchamore
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2012
Sider: 376
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar