Lepra

I denne boka får vi høyre dramatiske historier frå tida då spedalsksjuka herja i Noreg.

På starten av 1800-talet var det naud i landet, og den låge levestandarden gjorde at mange som elles kanskje ikkje hadde utvikla sjukdommen, no vart dårlege.

Spedalsksjuka skaka heile bygdesamfunn og slo beina under dei uheldige familiane som vart råka. Hadde ein først fått hudsjukdomen, var det synleg for alle, og ingen ville ha noko med dei smitta å gjere.

Dei sjuke hadde forbod mot å gifte seg og få barn, og dersom nokon i familien vart sjuk, var skamma stor. Det vart oppretta lepra-sjukehus fleire stader i landet, og i boka kan vi lese meir om tilhøva ved nokre av desse institusjonane.

Bok:
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2020
Sider: 64
Passar for: 10-12 år

Andre bokmeldingar