Englejakt

Det er sommar i den vesle øykommunen Tysnes, men sommarjobben som journalist i Bladet Tysnes er alt anna enn kjedeleg for syttenårige Engel Winge.

I eit forsøk på å avsløre den synske Connie Larsen, tek Engel ho med seg ut til Marøya, der det vert påstått at Marøy-Marta spøkjer. Men når den synske fjernsynskjendisen ikkje oppdagar noko spøkelse, men derimot ser ein bortkomen fiskar og ein daud baby, fattar den unge journalistspira interesse. Men det er ikkje alle som likar at Bladet Tysnes sin sommarvikar begynner å snoke rundt på Marøya. Kvifor forsvann den kristne avrusingsklinikken Lyset og Vegen frå øya så raskt? Kva er det eigentleg som skjer i det gamle huset på øya? Og har Marøya nokon samanheng med at fleire ungdommar i distriktet har døydd av narkotika i løpet av sommaren?

Dette er den andre boka i ein serie med tre bøker om Engel Winge, og handlinga i Englejakt held fram der Englefjes frå 2008 slutta. Begge bøkene er oppbygd med same oppskrift: mykje action, litt familieproblem, litt vennskap og bittelitt kjærleik. Engel bur saman med ei hasjrøykande bestemor på ein gard i Tysnes, etter at mora døydde av kreft og faren busette seg i Tokyo. Bestevenninna Irene rotar seg borti heller tvilsamt selskap, medan Ole, den svært blåauga sommarvikaren i Tysnes-politiet, plutseleg viser seg å ha ein rosakledd kjæraste som kjem på besøk, og som dermed knuser Engel si gryande forelsking.

Men kva den unge journalistspira føler om Ole, Irene og familieproblema, får ikkje lesaren vite noko særleg om. For forfattar Ingelin Røssland har vald bort alt snakk om kjensler i bøkene om Engel. Det er ikkje eit vanleg grep i ungdomsbøker med jenter i alderen 13-17 som målgruppe, og såleis er det eit prisverdig forsøk på fornying. Og at Engel overhovudet ikkje blir framstilt som så søt som namnet tydar på, synst eg også fortener ein applaus. Engel gir klåre assosiasjonar til ein yngre utgåve av Stieg Larssons Lisbeth Salander. Men resultatet blir at eg ikkje klarer å tru på den hovudpersonen, sidan eg aldri får vite kva ho tenkjer. I staden framstår ho meir som ei tøff maskin, som spyttar rundt seg med vulgære kommentarar, som puttar på plass den eine snusklypa etter den andre, køyrer trimma moped som eit uvær og kranglar med redaksjonen ho jobbar i.

Språket i boka er svært ungdommeleg, eller prøver i alle fall å vere det. Men eg synst ikkje at forfattaren heilt klarer å få dialogane til å fungere. Setningsutvekslingar som:

– Vill vakker og våt, seier Alf i det eg rundar skranken i redaksjonen.

– Sug kuk, svarar eg, er ikkje særleg truverdige når settinga er ein avisredaksjon. Språket vaklar heile tida på grensa til å vippe over i vulgaritet. Dersom poenget er å få Engel til å framstå som ei guttejente, lukkast forfattaren godt med det. Men ei truverdig guttejente er ho likevel ikkje.

Boka er ujamn. På det beste er den ein god spenningsroman, der lesaren blir riven med i handlinga. På det verste er den nesten eit parodisk tilsvar til dårlege action-ungdomsfilmar som ikkje tek ungdommen heilt på alvor. Forfattaren klarer berre så vidt å halde oppe interessa hos lesaren gjennom dei 164 sidene boka består av, og heller ikkje spenninga er på topp gjennom heile boka. Ein svært brå og litt umotivert slutt på boka trekk heller ikkje heilskapsinntrykket opp. Likevel er det noko med journalistspira som gjer meg nysgjerrig, og som truleg vil få lesarane til å vente på den neste og siste boka om Engel Winge.

Bok: Englejakt
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2009
Sider: 165
Passar for: 13-15 år

Andre bokmeldingar